Om Stryn Næringshage
Publisert 26. Juni 2008
Kva er ein næringshage?
Næringshagane er eit nasjonalt satsingsområde – ein prøver å sjå om ein kan skape næringsmiljø som gjev positive ringvirkninger både for bedrifta i næringshagen, næringslivet lokalt og lokalsamfunnet. Vi samlokaliserer oss, vi satsar på utvikling av dei menneskelege ressursane og vi prøvar å koble små miljø lokalt opp mot større miljø sentralt. Miljøutvikling og evne til nytenking og omstillingsevne er heilt bærande for arbeidet med å utvikle dette miljøet.
Næringshagane er eit program for å leggje til rette for etablering av kunnskapsintensive bedrifter i distrikta, der ein fokuserer på :
- Å skape eit attraktivt arbeidsmiljø for høgare utdanna ungdom
- Å stimulere til nyetablering
- Å utvikle nettverk
- Å generere ny aktivitet i distrikta
Kjerneelement i næringshagekonseptet:
- Samlokalisere SMB ( Små og Mellomstore Bedrifter)
- Stimulere til utviklingsaktivitetar
- Fjernundervisning
- Telearbeid
- Teknisk infrastruktur
- Nettverksarbeid
- Vekt på sosiale og fysiske omgivingar
- Rekrutteringsaktivitetar
- Lågare kostnader for SMB
- Synleg profil
Infrastruktur for utvikling av eit kunnskapsintensivt næringsmiljø
- Fysiske omgivingar som stimulerer til ny aktivitet
- Infrastruktur som stimulerer til samarbeid
- Infrastruktur som tiltrekker seg ungdom
- Infrastruktur som bygger opp under nettverk
- Sette fokus på de kunnskapsintensive bedriftene
|
Stryn Næringshage AS - Tinggata 3, 6783 STRYN - Org.: 984 662 335 MVA - Tlf.: 57 87 54 54 - Faks.: 57 87 54 51 -
post@stryn-nh.no